Gå til sidens hovedinnhold

Avis - med eller utan papir

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Årspengar for eit nytt år med Aust-Agder Blad er betalt, papiravis, digitalavis og e-avis. Heile pakka. Papiravisa er ein gamal kjenning. Så langt tilbake som eg kan hugse har eg lese Aust-Agder Blad på papir, i skiftande format, og med skiftande bladfykar og redaktørar. Eg er glad i aviser. Aust-Agder Blad er ei av fleire som eg har gleda meg til å hente i postkassa. Lukta av avis, knitringa av papiret og spenninga med å opne avisa og sjå kva som står der i dag.

Noko å glede seg over og noko å ergre seg over. Slik er det som oftast. Noko nytt, noko spennande, og noko som har vore skrive om mange gonger før. Slik bruker avisa å vere, og slik skal ho vere. Alt for mykje uinteressant stoff, tenker ein ofte, men kanskje er det interessant for andre? Avisa skal femne breitt, og gje noko til alle lesarane.

I løpet av dei siste åra har det skjedd noko som har forandra på dette. Gleda med å hente avisa er litt mindre enn før. Kvifor? Det meste som står der har eg alt lese. Sjølvsagt på «nettet». Dette Internettet som ønsker at me skal vere på nett 24 timar i døgnet, året rundt. Alle ønsker «klikk», for å vere attraktiv og gje inntekter.

Eg trur at eg er omlag gjennomsnittleg når det gjeld bruk av internett, med tilgang på PC, nettbrett og mobil. Eg er innom dei mest interessante stadene fleire gonger om dagen, også Aust-Agder Blad. Eg vil gjerne vere oppdatert. Dei artiklane som har ein interessant tittel blir opna og lest meir eller mindre grundig. Måndag, onsdag og fredag kveld blir oftast e-avisa opna og skumma igjennom.

Så kjem avisa dagen etter. Jaudå, eg blar gjennom ho, og les grundigare på artiklar eg har tatt lett på i første omgangen. Men spenninga er vekk. Alt har eg jo lese for ein eller fleire dagar sidan. Ja, bortsett frå dødsannonser, andre annonser, radio/TV-program og redaktørens leiarartikkel. Kort sagt: Papiravisa begynner å bli uinteressant.

Eg skjøner at dei store riksmediane konkurrerer sterkt om å vere først ute med dei gode nyhetene. Det gir fleire «klikk» og auka annonseinntekter. Men for ei lita lokalavis er vel ikkje konkurransen så hard? Dei fleste nyhetene er av ein slik art at dei like gjerne kan lesast dagen etter.

Kjære redaktør! Gje meg nokre gode grunnar til at eg fortsatt skal glede meg til å opne avisa. Er det ikkje mogeleg å spare nokre godbitar, og ikkje legge alt ut på nett før det kjem på trykk? Er det ikkje mogeleg å ta nokre «kortversjonar» på nettet, og så fullversjon på papir?

Eg er redd for at det i løpet av kort tid blir slutt på papiravisene, fordi dei blir uaktuelle og uinteressante. Eg treng ikkje aviser til å fyre i omnen med. Men eg ønsker å ha gleda med å opne ei avis og ikkje vite alt som står der frå før. Er det for mykje å be om?

Kommentarer til denne saken