Evig eies kun det tapte!

Oskar T. Brendalsmo skriv om koronakrisa.

Oskar T. Brendalsmo skriv om koronakrisa. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I desse vonde tider avdekkast det eit diktatur, der diktatoren heiter corona; der dei vanane vi har, ikkje er så sjølvsagte for oss å ha lenger. Det å gå heilt fritt inn på eit bibliotek, ein kaffibar, ein svipptur til naboen – ja, det som mange av oss ser som heilt naudsynt; å møtast til fest – om det er i kyrkja, på ein konsert eller på puben. Det kunne skrivast ned mange sider om tinga vi i det daglege gjer, utan å tenkja på den fridomen som ligg i dette.

Vi får god tid til å tenke no. I corona-isolasjonen er det lett å sjå, - ja, kjenne rett på kroppen at det ein har sett og kjent på før, ja - som heilt sjølvsagt og naturleg - no er dette heilt utanfor augesyna. Det er no vi får ein sjanse til å analysere og reflektere litt over desse tapa vi er sette framføre. Kaffibaren til dømes; ein legg kvardagsåket frå seg på utsida, stig inn – lukta av mat og kaffi, surringa frå folk i lokalet. Med ein dobbel espresso ved fortausbordet og med lukka auge, kan ein liksom høyre – ja, mest vere til stades på ein ute-kafé i Paris eller Milano. Kan hende er det lagra lydar som kjem att, eg veit ikkje, men turen vekk frå kvardagslivet vert verkeleg. Andre stader fauk meiningsutvekslingar gjennom lufta; på samvirkelaget, ved kyrkjekaffien, på bensinstasjonen, på kaféen osb. Dette har vi mista no. Ein kan dra tankane til ymse diktatur rundt om i verda - der dette er kvardagen, sjølv om det ikkje er ein pandemi som pustar folk i nakken, men der det er redsle for andre ting som kan hende sikta seg inn på nakken.

Vårt naboland kallar dei norske styresmaktene si handsaming av coronakrisa for eit diktatur – men demokratiet vårt ynskjer dette, i slike krisetider som no. Vi trur stortinget har forstand nok til å hjelpe oss ut av krisa. Vi er heldige i vår del av verda: Om vi vaskar hender, passar på avstanden, brukar antibac, held oss innomlands så vil vi få «avsett» diktatoren.

I mellomtida får vi ha tol med kvarandre og kome i tankar om dei verkelege verdiane i demokratiet vårt - i liva våre. Ibsen skreiv i skodespelet Brand om verdiane, og – om det å miste. Som ei påminning om påska sitt eigentlege bodskap kan dette sitatet òg vere ein tankevekkjar.

«Sjel, vær trofast til det siste: Seirens seir er alt å miste. Tapets alt din vinning skapte – Evig eies kun det tapte!»

Oskar T. Brendalsmo

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken