Gjerstad - ei grend i Arendal?

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeningerEtter massivt press frå regjeringa er kommunane pålagt å utreide forslag til ny kommunestruktur. Kva er det beste for framtida? Stor eller liten kommune?

Innbyggjarundersøkinga i Østre Agder frå hausten 2015 viste at eit fleirtal i Gjerstad var i mot kommunesamanslåing, at bare 18 % var positive til ein samla storkommune for Østre Agder, og bare 2 % ynskja ei samanslåing med Arendal.

Dersom Gjerstad og Risør saman med Tvedestrand og Vegårshei i praksis skal bli ein del av eit «Stor-Arendal», er nok dette det minst ynskjelege alternativet for ein framtidig kommune. Skulle ein slik kommune bli oppretta på tross av at folket er i mot, kan dette bli ei svært dårleg løysing for framtida.

Intensjonsavtalen som nå er under utarbeiding har mange gode formuleringar, men er tross alt i stor grad bare ei meir eller mindre uforpliktande ynskjeliste over korleis dagens politikarar håpar at ein framtidig storkommune kan bli.

Uansett kommunenamn, planar og fine formuleringar i ein intensjonsavtale ligg makta i ein slik storkommune i det nye kommunestyret på 59 personar som skal veljast før oppstart i 2020. Dersom det nye kommunestyret fordeler seg etter folketalet, vil Arendal få inn heile 42 representantar, Risør 7 og Gjerstad bare 2 representantar.

I praksis er det ved kommuneval vanleg at veljarane kumulerer opp naboar og kjente på listene, og at dei store folkesentra av den grunn blir overrepresentert. Det er ingen automatikk i at for eksempel Gjerstad vil få ein einaste representant i det nye kommunestyret som skal forme vår framtid.

Uavhengig av ny kommunestruktur vil det nok alltid bli eit press om rasjonalisering og innsparing. Kor vil det bli lettast for eit slikt «Stor-Arendal» å kutte eller legge ned tenestar? I Arendal der 72 % av folka bur? Eller i Gjerstad med bare 4 % av folketalet? Kor vil næringsutviklinga bli prioritert, på Brokelandsheia eller på Stoa? Svaret er enkelt. Den politikaren som vil bli vald må tilfredstille den største veljargruppa.

Eit av problema med eit «Stor-Arendal» er at vi har lite felles identitet og svært sprikande behov for framtida. Området samla dekkast dårleg av media. Både Agderposten og NRK Sørlandet prioriterer vår region svært lågt. Det som skjer hos oss er i stor grad ukjent i Arendal.

Eit av måla med ein storkommune vil naturlegvis snart bli å sentralisere administrasjonen. Når fleire offentlege arbeidsplassar og fagmiljø forsvinner frå bygda, vil mange unge med utdanning flytte etter.

Professor i økonomi Bjarne Jensen, som tidlegare har vore rådmann både i Kristiansand og i Bergen, ser store negative konsekvensar av ei storstilt kommunesamanslåing. «Når disse arbeidsplassene og fagmiljøene forsvinner, så forsvinner banken i neste omgang, deretter NAV-kontorene og til slutt de private tjenestene som blant annet handelen representerer», sa han til NRK.

I Gjerstad har kommunestyret nekta folket å delta i avstemming om ny kommunestruktur, men i Risør skal folket få stemme. All honnør til bystyret i Risør som tar sjansen på å høre folket, sjølv om vi kan risikere at forslaget om ny kommunestruktur er så dårleg at det vil bli nedstemt

Framtidas løysing må vere den som er den beste for bygdas innbyggarar. Fleire undersøkingar viser klart at det er folk i dei mindre kommunane som er mest tilfredse med bl.a. skule, helse og omsorg.

I små kommunar er det kort avstand mellom politikarar, administrasjon og bygdefolk. Bygda blir styrt av dei som bur der. Og har du spørsmål får du vanlegvis raskare svar frå lokalkjende i mindre kommunar enn i storkommunanes sentrale byråkrati.

Gjerstad bør ikkje sjå mørkt på framtida. Vi blir aldri den mest urbane, men har gode bustadmiljø, rikt kulturliv og ein natur som stadig fleire søker. Vi kan forvente stor vekst og nye arbeidsplassar på Brokelandsheia i åra framover, og det er gledeleg å sjå at mange unge etablerer seg og trivast godt sjølv i utkantane av bygda.

Det har generelt vore mange søknader til nøkkelstillingar i kommunen. Vår region har vore flinke til å hauste stordriftsfordelar gjennom vellukka interkommunale samarbeid for å løyse felles oppgåver og bygge fagmiljø. Vi ligg sentralt ved E18, med jernbanestasjon, midt mellom Arendal og Grenland, og har store mogelegheiter som eigen kommune i åra framover. Vi har ingen grunn til å snakke ned bygda vår.

Regjeringas svar på den store skepsisen til kommunesamanslåing rundt i landet har vore truslar om tvang og økonomisk straff av små kommunar. Dersom maktarrogansen skulle bli så stor at det lokale folkestyret blir overkjørt må vi stå i mot.

Spørsmålet om Gjerstad skal vere eigen kommune får enorme konsekvensar for utviklinga av bygda i generasjonar, og her må vi ikkje la det vere avgjerande om vi må takle ei kortsiktig økonomisk straff. Det ser nå ut til at eit klart fleirtal av kommunane i landet vil sei nei til samanslåing. Ingen regjering kan overleve dersom den skulle ignorere så store delar av folket. Neste år er det stortingsval og vi får nytt storting og snart nye statsbudsjett.

I Gjerstad har kommunestyret nekta folket å delta i avstemming om ny kommunestruktur, men i Risør skal folket få stemme. All honnør til bystyret i Risør som tar sjansen på å høre folket, sjølv om vi kan risikere at forslaget om ny kommunestruktur er så dårleg at det vil bli nedstemt.

Gjerstad skal ha såkalla innbyggarundersøkingar, (der bare ein del av innbyggarane blir kontakta). Her er det viktig at vi svarer klart på spørsmåla om vår framtid.

Artikkeltags