Bjarne Kleivane til minne

En gild og god venn: Olav Vevstad minnes barndomskamerat og gode venn, Bjarne Kleivane.

En gild og god venn: Olav Vevstad minnes barndomskamerat og gode venn, Bjarne Kleivane.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Meninger 

Det var så uverkeleg og vondt, då bodet kom, om at Bjarne ikkje er mellom oss lenger. Livet tok så brått slutt torsdag 14 desember. Saknet etter ein god ektemann, far, svigerfar og bestefar er stort. Det er mange som saknar Bjarne, og me tenkjer serleg på dei næraste, som sit att i sorg og sakn.

Gode historier - helt til det siste

For mange av oss, var han ein gild og god venn, frå ung alder. Me «gjekk for presten» same året (1959) - og minna er mange og gode frå den tid. At der var gamle slektsband mellom oss, vart haldne levande, gjennom gode historier og minner, heilt til det siste. Bjarne bar vidare noko av den gode og logne humoren, som han hadde etter sin far og farbrødrene frå Kleivane.

Bjarne reiste tidleg ut av bygda, for vidare utdanning. Det enda med teologi ved Menighetsfakulutetet i Oslo. Og prest vart han, frå 1972 og til han vart pensjonist. Gjennom alle desse åra, tente han i berre tre prestekall. Først Malvik i Trøndelag, deretter Vadsø i Finnmark, og til sist Hjartdal i Telemark. Der han var sokneprest i 28 år, i bygdene Hjartdal, Tuddal, og Sauland, der prestegarden ligg.

Aktiv i det kristine arbeidet

Han tok over barndomsheimen etter sin far, i Egddalen i Gjerstad. Bjarne og kona Aud Sigrun flytta dit etter vøling av huset, då pensjonisttida tok til. I tida etter dette, har han vore aktiv med i det kristne arbeidet i bygda, og var grei å spøre når det trongst ei hjelp. Ein kan undre seg over kvifor slike mennesker ikkje skal få fleire leveår? Me hadde så god bruk for Bjarne vidare!

Gravferda var fredag 22 desember frå Gjerstad kyrkje, som var fullsett til siste plass. Mange var komen langvegs frå, og mange var der og frå bygdene i Telemark. Ved båra sa sonen Svein Harald gode minnord om sin far, og la ned blomekrans. Der var ei mengd med kransar og blomar frå fjern og nær. Ved jordfestinga på kyrkjegarden, skein ei svak desember-sol gjennom skodda. Det var dagen etter «solsnu». Tanken gjorde det så levande: Det er framtid og von.

«Sees vi ei mer her nede, under dette stjernetak, i den store helgenkjede, møtes vi på seirens dag».

Artikkeltags