Gå til sidens hovedinnhold

Veg og/eller jernbane?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I kommunestyremøtet i Gjerstad i september 2019 var Kommunedelplan for ny E18 oppe. I debatten peika eg på at det ikkje var ny E18 som hadde vore den store saka i Gjerstad dei siste 20-30 åra, men ny jernbane, og samankobling av Sørlandsbanen og Vestfoldbanen. Eg kom med den påstanden at eg ikkje ville få se nokon ny jernbane i mi levetid. Ettersom det er vedteke å bygge 4-feltsveg frå Oslo til Stavanger, hadde eg lita tru på at det samstundes ville bli ei stor satsing på jernbane. Eg blei sterkt imøtegått av Rune Hagestrand, som då var medlem av Jernbaneforum Sør, og seinare har blitt leiar der. Jernbaneforum Sør har som ei av sine fremste oppgaver å arbeide for denne samankoblinga, og vidare utvikling av jernbanen i landsdelen. Rune hevda, som vanleg, at Senterpartiet generelt, og eg spesielt, var alt for pessimistisk. Han ville ikkje velge mellom veg og jernbane, men sa ja takk, begge deler. Oppmodinga hans var: La oss vere optimistiske til at jernbanen kommer, for det gjør den.

Ettersom Nasjonal transportplan no er vedtatt i Stortinget, veit vi fasiten. Det skjer ikkje noko med «Genistreken», som samankoblinga har blitt kalla, dei første seks åra, og truleg heller ikkje dei seks åra etter det. Eg ser liten grunn til å hovere over at eg fekk meir rett enn Rune. Eg trur at me begge er leie og skuffa over det som har skjedd. Men me ser ein klar tendens til at den store jernbanesatsinga kjem i det sentrale Østlandsområdet, der store overskridingar på prosjekt som alt er i gong, sluker mykje av rammene. Rett nok skal det byggast ut til dobbeltspor frå Stokke til Sandefjord, noko som vil vere gunstig for toga frå Skien mot Oslo. Men det er langt att til dobbeltspor til Porsgrunn/Skien, som skulle vere utgangspunkt for tilkobling til Sørlandsbanen.

Dersom styresmaktene hadde meint noko med samankobling av Vestfold- og Sørlandsbanen, måtte dei ha sørga for at planlegging av veg og jernbane hadde gått parallelt. Det virker som om interessa for dette har vore liten frå begge partar. Kanskje fordi dei for lengst har skjønt at det blir ingen jernbane her? I gjeldande kommuneplan for Gjerstad er store område langs noverande E18 bandlagt til framtidig jernbane. Det er det område som no det skal byggast ny fire-felts E18 på. Korleis heng det på greip?

Er det då så gale med veg? Stadig fleire får auga opp for at delar av dette E18-prosjektet er unødvendig og bortkasta pengar, mange pengar. Det gjeld ikkje minst strekninga forbi oss her i Gjerstad. Eg køyrer ofte til Oslo. Med ny veg må eg først opp til Brokelandsheia for å kome inn på den nye fire-feltsvegen med fartsgrense 110 km/t. Det tar minimum tre minuttar. Så sparer eg 20 km/t på strekningen til Sannidal, og 30 km/t vidare til Dørdal i Bamble. Når eg tar høgde for at den nye vegen blir litt kortare, ender det opp med at eg kanskje sparer to-tre minuttar samanlagt. Og dei minutta må eg betale for i form av bompengar.

Men no ser det ut til at me må ta imot ny E18 om me ønsker det eller ikkje. Det er politikarane i kommunestyret som skal vedta reguleringsplanen. Etter avisreferata var ikkje ordføraren særleg nøgd etter å ha fått presentert planen for Gjerstad. Etter det eg forstår er det særleg løysinga forbi Abel skole og viltovergangar på Østerholtsheia striden står om. Dessutan er omsynet til jordvern viktig.

I prosessen fram til behandling i kommunestyret i november, er det viktig at politikarane i Gjerstad står opp for å få dei beste løysingane. Vi kan ikkje akseptere at ungane på Abel skole skal bli utsette for auka støy- og støvplage. Skogområda i ytre bygda må ikkje bli delt meir enn dei alt er. Og god landbruksjord som har vore dyrka i hundre- eller tusenvis av år kan ikkje bli lagt øyde av eit vegprosjekt som korkje er ønska eller nødvendig. Vegen lar seg kanskje ikkje stoppe, men skadeverknadane på gjørast så små som mogeleg.

Kommentarer til denne saken